Opprykk til professor


Tore Selland Kleppe ved Institutt for Institutt for matematikk og naturvitskap er tildelt personleg opprykk til professor i statistikk.

Kleppe har doktorgrad i statistikk frå Universitetet i Bergen (2010), og har arbeida som førsteamanuensis ved UiS sidan 2014. Før han kom til UiS var han tilsett ved UiB.

Forskinga hans konsentrerer seg i stor grad kring to hovudaktivitetar. Den første er «Økonometrisk modellering og inferens innan råvaremarknadar, med spesiell vekt på ikkjelineære tidsrekkemodeller», kor han samarbeider tett med professor Atle Øglend på Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging.

Det andre forskingsområdet hans er «Beregningsintensiv statistikk, med fokus på Markov chain Monte Carlo-teknikkar og anvendelser på store ikkjelineære latent variabelmodeller.»

I 2015 blei han tildelt Sverdrup-prisen for unge forskarar , og han er medlem av Norsk Matematikkråd. På Institutt for matematikk og naturvitskap er han gruppeleiar for matematikkgruppa.

I tillegg til forsking underviser Kleppe på bachelor-, master- og doktorgradsnivå innan matematikk og statistikk.  


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (11.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol