Vann tur offshore


Ein ide om å bruke påskeliljers oppbygning for betre tryggleik i olje- og gassindustrien, sendte masterstudent Wonmin Jeong til Edvard Grieg-plattforma.

I fjor deltok masterstudenten i offshoreteknologi i Lundin sin studentkonkurranse «Vis oss ideen din». Oljeselskapet inviterte studentar til å dele gode idear, og Jeong vant med sin ide om å bruke inspirasjon frå naturen.

– Eg foreslo at «påskeliljens stilkstruktur» kan nyttast i olje- og gassindustri for å betre sikkerheten og å redusere kostnader. Grunnkonseptet er «naturinspirert innovasjon». Naturen har løysningar som er utprøvde gjennom evolusjonen. Desse funksjonane kan me låne ar til vår industri, seier han.

Premien var ein tur til Edvard Grieg-plattforma i Nordsjøen, og i slutten av januar reiste han offshore saman med to andre studentar.


– Me fekk sjå teori me lærer om i studia på ekte, og me fekk sjå livbåtane og korleis dei fungerer i nødsituasjonar. I tillegg til å lære om sjølve plattforma, fekk me høyre om arbeidskultur, forventingar til framtida og me fekk nokre karriereråd, seier han.

Anbefaler offshoreteknologi

Trass låg oljepris, ser Jeong lyst på framtida.
– Noreg har mange plattformer som skal drivast i mange, mange år framover. Viss veldig få vil studere offshoreteknologi nå, vert det ein ubalanse i folk med denne kompetansen seinare, seier han.

Samstundes minner han om at offshoreteknologi kan og nyttast på andre felt.
– Offshoreteknologiprogrammet på UiS held veldig høg kvalitet, og det er ein god plass for å arbeide tett med industrien, seier han.

Tekst: Karoline Reilstad


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (09.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Tre menn på plattform.
Masterstudent i offshore, Wonmin Jeong (tv), vann ein tur til Edvard Grieg-plattforma. Her saman med plattformsjef Per-Johan Fallrø. Foto: Lundin Norway

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER