Ole Bjørn Rongen til minne


Ole Bjørn Rongen, Kina-kjennar, NRK-journalist, universitetslærar, forskar og forfattar, er død, 70 år gammal.

Han blei fødd og voks opp i Drøbak, men budde og arbeidde mesteparten av sitt vaksne liv i Stavanger. Mor til Rongen var frå Sandnes, der han har mange slektningar.

I ungdommen fekk Rongen interesse for filosofi og idehistorie, bl a dei store kinesiske tenkjarane. Derfor valde han å læra seg kinesisk. Rongen studerte språket både her i landet, i USA og i Kina.

Rongen skreiv bøker om tenkinga til Konfutse, Mengzi og Laozi. Desse bøkene inneheld historisk bakgrunn og språk-forklaringar i tillegg til tekstar på norsk omsette frå originalspråket for første gong.

Kina-kunnskapen førte til at Rongen dei siste åra forska i historia om norsk misjon i Kina. Han tok og for seg norske aviser si dekking av store hendingar i Kina. Noko av det siste Rongen gjorde, var å skriva artiklar om korleis boksar-oppreisten i Kina ved inngangen til 1900-talet blei dekt i norske aviser.

Overgangen til arbeid i media skjedde då Ole Bjørn Rongen blei stipendiat i NRK. Han var ei tid i NRK i Oslo, men mesteparten av tida ved NRK Rogaland i Stavanger. Der arbeidde han som allmenn-reporter i radio og fjernsyn, med hovudvekt på saker frå politikk og samfunnsliv.

I 1999 slutta Rongen i NRK og blei universitetslærar i journalistikk ved Universitet i Stavanger (UiS). Trass i fleire års kamp mot kreften, heldt Rongen fram som førsteamanuensis i journalistikk fram til han fylte 70 år i oktober. Også etter at Rongen blei pensjonist, tok han på seg oppgåver for UiS.

Ole Bjørn Rongen hadde allsidige interesser som spente vidt i tid og rom. Han sette seg inn i lokalpolitiske saker i Rogaland i samtida med same store engasjement som då han tok for seg kinesisk tenking for eit par tusen år sidan.

Rongen var ein samfunnsengasjert person med meiningar om mangt. Han skreiv ofte innlegg i Aftenbladet. Talet på faglege artiklar i ulike tidsskrift er og stort.

Rongen hadde store språkkunnskapar og hadde stor respekt for både små og store språk. I tillegg til fleire framandspråk skreiv han like lett på bokmål og nynorsk. «Ord skal nå fram, - det er alt», lyder eit Konfutse-sitat i Rongen si omsetjing. «Ikkje å samtala med ein som kan samtalast med, er å tapa eit menneske. Å samtala med ein som ikkje kan samtalast med, er å tapa orda. Den vise taper korkje menneske eller ord», lyder eit anna Konfutse-sitat.

Rongen var ein vis mann og glad i andre menneske. Han kunne irritera seg over studentar som ikkje alltid hugsa på det dei burde ha lært, slik han såg det. Men kvar haust såg han med like store forventningar fram til å ta mot nye studentar i journalistikk.

Me er mange som kjem til å sakna Ole Bjørn som kollega og venn. Størst er likevel tapet for familien, særleg for kona Joan, fødd og oppvaksen i New York. Dei to møttest som tenåringar i USA der Ole Bjørn var utvekslingselev mens han gjekk på gymnaset. Dei gifta seg i 1968 og har vore til stor støtte for kvarandre.

Tekst: Sigvart Østrem


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (19.04.2017)

Skriv ut artikkel print symbol