Stortrivst med lov og rett


Juridisk metode er etterspurd i alle delar av samfunnet. Jusstudent Erik Midtbø Kvamme valde Rettsvitskap fordi det gir varierte arbeidsmoglegheiter og fordi han vil bidra til gode løysingar.

bachelor i Rettsvitskap lærer du om rettssystemet og juridisk metode. Kvamme har alltid visst at juss er eit matnyttig fagfelt, som trengs på mange nivå innan både offentleg og privat sektor.

– Ein treng ikkje bli partnar i eit stort advokatfirma. Ein kan og arbeide som saksbehandlar i offentleg sektor. Du står eigentleg fritt til å gjere det du vil ut av det, seier han.

Løyser juridiske problem

Den blide sunnfjordingen fortell spøkefullt at barndomsdraumen var å bli dresskledd advokat bak eit stort mahogniskrivebord. Interessa for lov og rett blei for alvor vekka av ein dyktig lærar i rettslære på vidaregåande. Godt i gang med universitetsstudia i Rettsvitskap er han heilt sikker. Han har valt rett.

– Eg trivst utruleg godt med faget. Det er spannande og interessant, spesielt når me får arbeide med casar, seier han.

Kvamme er i andre semester og fordjupa i kontraktrett, juridisk rett og barne- og familierett. I det store og heile handlar juridisk metode om å løyse usemje mellom menneske.

– Det kan bli sosiale drama ut av den minste ting, som ein nabokrangel om kor eit gjerde skal stå. Då er det givande å vera med og finne gode løysingar, seier han.

God kontakt med forelesarane

UiS har eit hovud-campus kor studentar frå ulike studieretningar er samla. Det betyr at studentar frå ulike fag møtes på lesesalar, går på same studentbar og jobbar på tvers av linjeforeiningar.

– Det skaper eit veldig inkluderande miljø. Her møter du studentar frå ulike studiar på ein litt annan måte enn du kanskje gjer på andre universitet, seier han.

I tillegg klassen relativt oversiktleg, med rundt 30 studentar på kvar forelesing.

– Det er enklare å rekkje opp handa og stille eit spørsmål enn om det hadde vore 100 i salen. Forelesarane vil ha dialog, og dei seier stadig at døra til kontoret deira er open. Då er det lett å stikke innom for å få tilbakemelding på ei oppgåve eller anna hjelp, seier han.

– Juristar trengs overalt alltid

Juridisk kompetanse trengs både i privat og offentleg sektor, og juristar finns i mange variantar. Dei varierte moglegheitene for arbeid appellerer til Kvamme, som sjølv kan tenke seg å arbeide med forretningsjuss internasjonalt innanfor globalisering og teknologiutvikling.

Om det går opp og ned i andre bransjar kjenner han seg trygg på framtida.

– Eg reknar dette som eit trygt val, med tanke på at det er ein bransje som i relativt liten grad blir påverka av konjunkturar. Folk treng alltid juristar. Det er og fordel at ein kan finne jobb nesten alle stader i landet og internasjonalt, seier han.

Reserverte plasser på toårig master i Bergen

For å bli jurist må ein ha ein master. For dei som ynskjer å studera vidare er det ei ordning kor studieplassar på toårig mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen er reservert søkjarar med bachelor frå UiS.

Les om Opptaksreglement for opptak til toårig mastergrad i rettsvitenskap (UiB sine sider)

– Det er fint. Da får du moglegheit til å studere i to byar, seier Kvamme som samstundes minner om fleksibiliteten i ein bachelorgrad.
– Det er og moglegheiter for arbeid etter tre år om du ikkje vil gå vidare til master, seier han.

Tekst og foto: Karoline Reilstad


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (08.03.2017)

Skriv ut artikkel print symbol