Konferanse: Samskaping for betre kommunale tenester?


Sola. Time og Sandnes kommune, KS, Universitetet i Stavanger og Fylkesmannen i Rogaland, inviterer til den fjerde årlege innovasjonskonferansen i Rogaland, Sola kulturhus, måndag 24. april 2017.

Innovasjonskonferansen 2017 vil vera  ein møteplass for alle som er opptatt av gode, framtidsretta tenester i offentleg sektor.  På konferansen vil ein få foredrag for fagfolk, politikarar og, leiarar som vil dele sine erfaringar.  Blant anna vil ein kunne møte Thorir Hergeirsson som vil sei noko om korleis samskape for å bli best i verden? Eva Sørensen, Dansk professor som visar oss korleis vi kan samskape og Børge Lund, mannen bak Lunch-stripene. På konferansen vil det og vere eit inspirasjonstorg, kor ein vil kunne bli inspirert av kva fleire kommunar har fått til og kan få til!

Frå UiS stiller Ann Karin Holmen og Rune Dahl Fitjar med innlegg.  Gorm Kipperberg vil delta på inspirasjonstorget om "Verdsetting av naturen" og studentgrundere er representert med KVS Technologies og Tidewave.

Elisabeth Williumsen og Egil C. Svela er medlemmer av arrangementskomiteen.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne. Nærare informasjon og påmelding er lagt ut på KS sine nettsider - link:
Informasjon og påmelding NB - Påmeldingsfrist er 6. april

Program (pdf)

Studentar som ynskjer å delta kan få studentbillett ved å melde seg på e-post til  UiS Senter for entreprenørskap ved egil.c.svela@uis.no


Sist oppdatert av Egil C. Svela (31.03.2017)

Skriv ut artikkel print symbol