– Er arbeidsinnvandring ei samfunnsoppgåve?


Ein fersk rapport om arbeidsinnvandring til Vestlandet syner at dersom arbeidsinnvandrarar skal bli ein varig ressurs, må det leggast til rette for at dei vert medborgarar på lik linje med andre innbyggjarar. Då må fleire enn arbeidsgjevarane på banen.

Geir Skeie ved Institutt for kultur- og språkvitenskap (IKS) er prosjektleiar for ei gruppe forskarar frå fleire forskingsinstitusjonar, som har forska på arbeidsinnvandring til Vestlandet.

Tysdag denne veka leverte dei ein rapport til Vestlandsrådet. Der kom det blant anna fram at kommunar bør ta eit meir aktivt grep for arbeidsinnvandrarar, og ikkje berre overlate ansvaret til arbeidsgjevar.

Arbeidsinnvandrarregionen

I rapporten skriv forskarane at Vestlandet meir enn nokon annan landsdel kan kallast sjølvaste arbeidsinnvandrarregionen i Noreg. Vestlandet har meir enn to arbeidsinnvandrarar for kvar flyktning, og det fylgjer det samfunnsoppgåver med, skriv forskargruppa.

«Spørsmålet er om ein greier å løyse desse samfunnsoppgåvene på ein måte som gjer arbeidsinnvandringa til ein ressurs i små og store samfunn i landsdelen», heiter det i rapporten Arbeidsinnvandrere som ressurs i regional utvikling (PDF).

Samarbeidet er basert på eit samarbeid mellom fagfolk ved fleire forskingsinstitusjonar på Vestlandet.

Fleire polakkar flytta frå

Dei skriv vidare at kva oppgåver arbeidsinnvandringa stiller oss overfor, avheng av korleis ein tolkar situasjonen, og meiner at arbeidsinnvandringa kan opplevast som eit mellombels fenomen.

«Det er fleire trekk ved arbeidsinnvandringa som samsvarar med ein slik tankegang. Dette er innvandrarar som kjem til landet for å jobbe. Dei utgjer i så måte ein mobil arbeidskraftressurs. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at dagens innflyttar kan vere morgondagens tilbake- eller vidareflyttar. Utflytting blant arbeidsinnvandrarane veks nemleg når den økonomiske veksten bremsar opp», skriv dei og syner til at i tredje kvartal 2016 flytta til dømes fleire polakkar frå enn til Noreg.

Les kronikken: «Ikkje berre arbeidskraft» (lenkje til ekstern nettside)

Må få praktisere medborgarskap

Mykje tyder på at mange arbeidsinnvandrarar vert nye medborgarar, og ikkje berre mellombels arbeidskraft. Mange vert verande, kanskje for resten av livet. Forskarane konkluderer med at mange arbeidsinnvandrarar inngår i den faste staben i bedrifter, blir ein fast del av nabolaget og bidreg til at fleire bygdesamfunn overlever. Difor må det, ifølgje dei, også leggast til rette for at dei kan praktisere medborgarskap på linje med andre innbyggarar. 

«I staden for å hente inn og sende ut att arbeidstakarar ettersom arbeidsmarknaden svingar, kan kommunar gjerne satsa breiare og tyngre på opplæring i norsk språk, orientere dei nytilflytta om samfunnslivet og gje dei betre informasjon om offentlege tenester. Med ei meir aktiv haldning, vil kan hende fleire slå seg til i vestnorske lokalsamfunn og bli aktive samfunnsborgarar. I staden for å lære opp og sende ut att arbeidstakarar i takt med at konjunkturar og arbeidsmarknad svingar, kan det utviklast tiltak og tenester som adresserer arbeidsinnvandring på brei front. Det vil kunne vere både samfunnsøkonomisk effektivt og klokt i eit demokratisk perspektiv», står det å lese i rapporten.


Tekst: Maria Gilje Torheim
Foto: NettOp UiS


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (01.03.2017)

Skriv ut artikkel print symbol