– Betre busstilbod enn mange er klar over


UiS arbeider for å redusere bilbruken på UiS, og for å bidra til å løyse trafikale utfordringar i regionen. Sara Mauland er ein av dei som er godt nøgd med busstilbodet.

Frå kontorvindauget ser Sara Mauland rett på busstoppet. Kor mange som står der, er teikn på kor langt unna bussen er. Eit blikk på telefonen, og ho veit om ho rekk å sende ein siste e-post før ho spaserer over vegen til haldeplassen.

Sara Mauland bur på Storhaug, og arbeidar på Arne Rettedals hus på universitetet. Om sommaren syklar eller joggar ho dei fem-seks kilometrane. I dei kaldaste månadane er det buss som gjeld.

– Godt busstilbod

Tida på bussen nyttar ho til å lese aviser og bøker eller høyre podcast. Når ho har funne seg godt til rette på bussen, vert ho ikkje plaga av treig trafikk.

– Når eg sit på bussen og boka er god, gjer det ingenting å stå fast fem minutt. Då overlèt eg til sjåføren å køyre, mens eg les, seier ho.

Frå ho går av på haldeplassen UiS øst tek det berre sekund før ho kan låse seg inn på kontoret i Arne Rettedals hus.

– For dei som køyrer, forstår eg at det kan vere eit problem om ein kjem litt seint på arbeid. Då kan ein risikere å måtte parkere langt unna, og gå i allslags vêr, seier ho.

Bussturen er og ei fin moglegheit til å slå av ein prat med kollegaer, samt ta temperturen på studentlivet.
– Ein fangar opp delar av samtalar rundt seg, og får eit innblikk i kva studentane er opptekne av. I eksamenstida er det ein del nervøse som snakkar om at de har sete oppe heile natta, seier ho.

Når ho skal heim frå kontoret er det berre å kikke ut av vindauget. Kor mange som ventar på haldeplassen like over vegen, gir ein peikepinn når bussen kjem.
– Mange på haldeplassen er eit godt teikn, då er neste buss truleg like om hjørnet, seier ho.

Vil ho ha eit presist svar på kor langt unna bussen er, sjekkar ho Sanntid-appen til Kolumbus som viser kor mange minutt det er til bussen kjem.
– Då veit eg om eg rekk å skrive ein siste e-post og logge ut, før eg går og tek bussen. Det sjeldan mange minuttane å vente, om eg ikkje rekk den bussen eg hadde tenkt, seier ho.

Buss døgnet rundt

Mauland meiner busstilbodet til og frå Ullandhaug er godt, og at det går fleire bussar enn dei fleste er klar over. Til kollegaer som vurderer å endre reisevanar, er hennar oppmoding å setje seg inn i dagens ruter.

– Nokre hugsar kanskje busstilbodet som var for ti år sidan, kor det ikkje var buss gjennom universitetsområdet. I dag er det heilt annleis, seier ho.

Frå nyttår går buss nummer X60 heile døgnet, og det er ikkje lenger eit argument at ein ikkje kan reise kollektivt om ein skal arbeide seint. Når Mauland i travle periodar arbeidar seine kveldar, treng ho ikkje uroe seg for å nå siste buss.

Som folkevald reiser ho ofte fram og tilbake til sentrum i løpet av arbeidsdagen. Då óg med buss.

– Det er aldri lenge å vente før det kjem ein buss. I tillegg slepp eg tenkje på parkering, seier ho.

Lever godt utan bil i Stavanger

Mauland har bevisst valt å ikkje ha bil. Ho meiner Stavanger er ein så pass kompakt by at ein fint kan klare seg med buss og sykkel. Då ho budde i London var det så og sei ingen som brukte bil.

– I London reiser alle kollektiv, og det er litt unaturleg for meg at så mange er avhengig av bilen for å komme til og frå jobb, seier ho.

Ho understrekar at det stadig vert enklare å reise med buss, blant anna gjennom ulike appar  på telefonen. I tillegg til å sjekke bussen i sanntid, nyttar ho billettappen.

– Då slepp eg å tenkje på kontantar, og eg har kontroll på kor mange dagar og timar det er til billetten går ut. Då eg skulle fornye periodepasset førre gang, låg HjemJobbHjem-billetten inne og det var berre å trykkje for å kjøpe den, fortel ho.

Nokre av innvendingane mot å droppe bilen, handlar om innkjøp. Sara Mauland har funnet ut at det er ein bonus når ein må tenkje nøye gjennom kva ein kjøper.

– Når du har med deg ryggsekk og veit du må bere alle varene heim, unngår du impulskjøp, seier ho.

Tekst og foto: Karoline Reilstad

Les også:
Det enklaste er sykkel
Endra livsstil med el-sykkel
Med sykkelen under armen


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (25.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol