Ny master i den nordiske velferdsmodellen


UiS har saman med universiteta i Umeå og Aalborg oppretta ei felles masterutdanning om den nordiske velferdsmodellen sett i ein global samanheng.

I ei verd med aukande sosial ulikskap og auka migrasjon opplever sosialarbeidarar nye krav og utfordringar. For å ruste sosialarbeidarane i Noreg, Sverige og Danmark har UiS gått i bresjen for å tenkje nytt og oppretta ein master i samarbeid med universiteta i Umeå og Aalborg. Masteren vil også rekruttere studentar frå Europa og andre verdsdeler. Dette fordi den nordiske velferdsmodellen har appell i ein global samanheng.

Studentane skal lære om den nordiske velferdsmodellen, velferdsendringar, innovasjon og brukarmedverknad, og masteren vil gje dei moglegheiter til å jobbe i til dømes offentlege velferdsorganisasjonar på leiarnivå.

Masteren ber den engelske tittelen: Master in Social Work and Welfare, og undervisninga vil føregå på engelsk.

Dette er ein såkalla joint master, skipa takka vere midlar frå Nordisk ministerråd. Frå før deltek UiS i to slike «felles-master» i samarbeid med andre lærestader, men med denne nye nordiske felles-masteren skal UiS for første gong vere koordinator.

Felles nordisk behov

– Denne masteren svarar på eit behov som Noreg, Sverige og Danmark deler, nemlig å utvikle nye perspektiv og ny forståing for fagfeltet i ein global samanheng, seier Siv Oltedal, som er fagleg koordinator for masteren.

Oltedal trekk fram likskapen mellom dei nordiske landa som ei viktig drivkraft for samarbeidet.

– Vi har langt på veg ein felles nordisk velferdsmodell. Den kjenneteiknast ved at alle tre land har rause velferdsordningar som søkjer å vere allmenngyldige. Kjønnslikestilling står til dømes sterkt i Norden, forklarer professoren som held til på Institutt for sosialfag ved UiS.

Ho poengterer at det i den seinare tida er kome eit veksande behov for å utvikle ein velferdsmodell som fungerer betre i møte med samfunn med meir mangfald og større ulikskap.

– Sosialarbeidarar er frontlinjearbeidarar. Det er dei som møter brukarane andlet til andlet og er port-opnarar til velferdstenestene. Vi treng å ruste dei med ny forståing og nye verkemiddel.

Internasjonalt klasserom

Studentane skal i første semester studere ved UiS, andre semester ved Umeå Universitet og tredje semester ved Aalborg Universitet. Så kan dei velje mellom desse tre universiteta kor dei vil vere tilknytt i siste semester når masteroppgåva skal skrivast.

– Våre tre fagmiljø har mykje felles, men er også ulike. I Aalborg satsar dei mykje på problembasert læring og Umeå jobbar mykje opp mot utfordringar knytt til innvandring. UiS bidreg med generell sosialt arbeids teori, etikk, kjønnstematikk og kunnskap om den nordiske velferdsmodellen.

Velferdsinnovasjon

Studentane skal blant anna lære kva som kjenneteiknar ulike typar velferdsinnovasjon. Det handlar om at dei får kunnskap om korleis lovverket kan utviklast og iverksettast for å skape mangfald og likskap. Dei skal også lære korleis ein styrkjer brukarmedverknaden i velferdstilbodet.

– Når det gjeld velferdsinnovasjon har vi ein unik moglegheit til å følgje opp og styrke NAV sitt nordiske samarbeid. Det trengs meir samanliknande forsking om utforming og iverksetjing av sosial- og velferdstenester i desse landa, påpeiker Oltedal.

Internasjonalisering er ein viktig grunn for å satse på denne masteren, og til liks med UiS er Aalborg Universitet ein ECIU-partnar. Masteren er slik ei styrking av UiS sitt samarbeid med dei innovative universiteta i Europa. 

Tekst: Karen Anne Okstad


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (14.12.2016)

Skriv ut artikkel print symbol