Med sykkelen under armen


Kvar morgon stig Jostein Tollaksen av toget i Jåttåvågen, «brettar» ut sykkelen og tek på seg pannebandet med innebygde øyretelefonar. Sykkelturen til Ullandhaug tek nøyaktig like lenge som Politisk kvarter på P2. Når radioprogrammet er ferdig, er han framme på kontoret.

Jostein Tollaksen bur på Rosseland på Bryne, og i 24 år har han pendla til arbeid ved Universitetet i Stavanger.

Dei fleste morgonane syklar han til togstasjonen på Bryne og tek toget nordover. 

Dei siste seks åra har han tråkka i veg på ein sykkel som kan leggjast saman. Ein sykkel han lett ber med seg på toget.

– Eg syklar i begge endane av toget. Då er det greitt å kunne ta sykkelen med på toget utan å betale for det. Alternativet hadde vore å ha ein sykkel ståande i kvar ende, seier han.

Monterte motor

Det byrja for seks år sidan då han såg ein annan på toget som hadde ein sykkel som han la saman og slo opp. No har doningen, ein Brompton Folding Bike, blitt ein god ven.

– Før eg skaffa meg denne sykkelen, var eg avhengig av tog og buss. Då var det ei potensiell feilkjelde: om den eine var litt forsinka, nådde eg ikkje den neste. Nå veit eg akkurat kva tid eg må gå frå kontoret for å rekkje toget, seier han.

For at bakkane opp til Ullandhaug skal gå lettare, har han oppjustert sykkelen med elektrisk motor på framhjulet. No går turen så lett som berre det.

– Batteriet ligg i veska og det er berre å kople til leidninga. I løpet av arbeidsdagen kan eg lade på kontoret, forklarar han.

Pløyer gjennom bøker

Jostein hatar å stampe i bilkø, og på toget får han i staden tid til anna enn å irritere seg over saktegåande rushtrafikk. Han arbeidar ved Lesesenteret, og nyttar ofte halvtimen mellom Bryne og Jåttåvågen til å lese. Både nettaviser og bøker blir slukt.

– På toget får eg lese mange bøker eg ikkje hadde fått lese om eg hadde sete i bilkø. På det meste les eg ferdig ei bok annakvar veke, seier han.

Fordelar for dei som køyrer òg

Tollaksen ivrar for HjemJobbHjem-ordninga, sjølv om han veit at det ikkje er like lett for alle å droppe bilen.

– For dei som bur langt unna og har lite kollektivtilbod, forstår eg at det er vanskeleg. Dei som ikkje skal løyse billett i HjemJobbHjem er likevel tent med at andre reiser kollektivt eller syklar. Når færre køyrer bil, blir det mindre kø og fleire ledige parkeringsplassar, oppmodar han.

Hans råd til dei som vurderer å endre reisevanane sine, er å starte med å undersøkje kva tilbod og moglegheiter som finst. Han legg til at ein som tilsett ved UiS har moglegheit til å låne ein el-sykkel gratis i ei veke gjennom HjemJobbHjem-ordninga. 

– For nokre passar det ikkje, men for mange kan det vere eit godt alternativ. Det handlar om å komme inn i rutinar, seier han.

Gode, varme klede som toler vind og ver, er føresetnaden for ein behageleg tur. I tillegg er Tollaksen stadig på leit etter dippeduttar som kan gjere turen endå betre. Eit panneband med innebygde øyretelefonar passar perfekt under hjelmen og gjer det enkelt å høyre på radio undervegs. Nrk P2-programmet Politisk kvarter byrjar i det han er på perrongen og held på til han er framme på kontoret i OD-bygningen.

– Det tek eit kvarter å sykle, og då rekk eg akkurat å få med meg Politisk kvarter. I tillegg får eg ein passe dose frisk luft, pluss mosjon og eg slepp kø, seier han.

Tekst og foto: Karoline Reilstad


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (10.03.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Jostein Tallaksen med sykkel framom tog
NAMN: Jostein Tollaksen, Lesesenteret ved UiS REISEVANE: Tog og samanleggbar el-sykkel REISETID TIL JOBB: 45 minutt
HjemJobbHjem-logo
UiS har avtale med HjemJobbHjem kor målet er å redusere bilandelen på arbeidsplassen med 20 prosent. Eit overordna mål er å løyse trafikale utfordringar i regionen.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER