Arne Rettedal skodar over studentane i eige hus


- Bestefar ville likt å stå her og følgje med på studentlivet, seier barnebarna til Arne Rettedal om bysten som no er på plass i Arne Rettedals hus.

Onsdag 16.november blei bysten av Arne Rettedal avduka i Arne Rettedals hus på universitetsområdet. Frå hjørnet ved heisane har han oversikt over studentar, tilsette og besøkjande som kjem og går.

Til stades på markeringa var blant anna to av døtrene, fleire barnebarn og oldebarn. Ingebjørg Rettedal Finnesand tykkjer bronsebysten liknar bestefaren, og at kunstnaren har klart å få fram ansikttrekka hans. Ho vil ta med barna sine til universitetet slik at dei kan sjå korleis oldefaren såg ut.

- Dei har sett nokre karikaturteikningar av han, blant anna ein frå opninga av Rennfast. På den teikninga kjem bilane ut or munnen hans. Det var litt forvirrande. No kan dei få sjå korleis han verkeleg var, seier ho.

Arne Rettedal (1926 – 2001) var blant anna ordførar i Stavanger, fylkesordførar i Rogaland og kommunal- og arbeidsminister. I tillegg til å arbeide for at Stavanger blei oljehovudstad, var han pådrivar for utviklinga av eit universitetsområde.

- Han var svært opptatt av utdanning og at me skulle fullføre utdanning. Fleire av oss barnebarna har gått her på UiS, seier Rettedal Finnesand.

Tette band
Bysten er ei gåve frå Inge Steenslands Stiftelse. Melanie Tone Steensland Gotteberg er styreleiar i stiftelsen og Inge Steenslands barnebarn. Ho var ikkje i tvil då førespurnaden kom, og understrekar at det er mange og tette band mellom stiftelsen, Arne Rettedal og universitetet.

- Arne Rettedal var med å starte opp stiftelsen, han var med i styret til han døde og han har vore viktig for det stiftelsen har blitt. I tillegg var han ein god ven av bestefaren min. Sjølv om Inge reiste frå Stavanger då han var 17 år, var byen alltid viktig for han, seier ho.

Lika seg i hjørnet
Bysten er laga av bilethuggar Hugo Frank Wathne frå Stavanger.
- Modelleringa er gjort heime i stova på Madla før Rettedal døde. Sidan blei den ståande i mitt atelier i mange år, fortell kunstnaren.

Saka fekk fart då Kjell Ursin-Smith, styremedlem i Inge Steenslands Stiftelse og tidligare personleg sekretær og rådgjevar for Arne Rettedal, fekk høyre om det nesten ferdige kunstverket.
- Eg og Hugo var einige om at det hadde vore kjekt om bysten fekk sin rettmessige plass. Då eg presenterte det for styret i Inge Steenslands Stiftelse var det ja med ein gong, sa Ursin-Smith under markeringa.

Han understrekte at Rettedal ikkje ville at bysten av han skulle stå utandørs. At bysten er plassert i eit hjørne ved heisane i første etasje i sentralbygningen på universitetsområdet er ikkje tilfeldig.
- Når Arne kom inn i eit rom, stilte han seg strategisk i eit hjørne. Etter fem minutt var det fullt der. Det reknar eg med vil skje her òg, sa Ursin-Smith.

Strategisk i eige hus
Arne Rettedals hus vart opna for ti år sidan. No er altså bysten av mannen huset er kalla opp etter på plass. Prorektor Dag Husebø framhevar at dette er ein fin måte å heidre universitetsbyggjaren.

- Her er han strategisk plassert slik at han kan skoda utover studentar i sitt eige hus, sa Husebø.

Tekst: Karoline Reilstad
Foto: Asbjørn Jensen


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (21.11.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Bysten av Arne Rettedal med hans etterkommere.
Bysten av Arne Rettedal flankert av barn, barnebarn med følgje og oldebarn. Bak fra venstre: Wenche Rettedal, Are Rettedal Ekeli, Majvor Hodnefjell Andersson, Inger Lise Aarestad Rettedal, Kristine Rettedal Christiansen, Endre Schanche Rettedal, Anna Rettedal Grønås, Tom Grønås, Astrid Rettedal Grønås, Karoline Ekanger og Solveig Stavenjord. Framme (fv): Ingebjørg Rettedal Finnesand, Jørgen Rettedal Ekeli, Eivind Arne Rettedal Kvinge og Anne Rettedal Ekeli.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER