Stor forskningskonferanse om barnehagen ved UiS


Den 18. EECERA-konferansen skal i år arrangerast ved Universitetet i Stavanger. Det er første gong konferansen blir heldt i Noreg. Frå 3. til 6. september skal over 600 forskarar frå heile verda i aksjon.

Konferansen rettar sitt fokus på barn i barnehage- og småskulealder. Tema for årets konferanse er nyvurdering av barnehaganes grunnverdiar. Forskarane som kjem skal mellom anna diskutere dagens praksis i norske og internasjonale barnehagar, med vekt på omgrep som utvikling og vekst, omsorg, læring, leik, pedagogisk kvalitet, sosialisering og danning. Også verdiar som demokrati, berekraftig utvikling, globalisering og inklusjon skal drøftast.

– Dette er ein konferanse av, med og for forskarar. Men alle interesserte er velkomne, seier førsteamanuensis Marit Alvestad og førstelektor Monika Röthle ved Institutt for førskulelærarutdanning ved UiS, som leiar og organiserer konferansen.

Det er fleire aktørar i forskarnettverket Barnehageliv som arrangerer konferansen i samarbeid med the European Early Childhood Education Research Association (EECERA). UiS, Høgskulen i Vestfold og Dronning Mauds Minne - Høgskule for førskulelærarutdanning i Trondheim - arrangerer konferansen saman.  

Kjente namn
Statsråd Bård Vegar Solhjell skal opne konferansen. Kunnskapsdepartementet er den største bidragsytaren til konferansen, saman med Utdanningsforbundet som også er ein viktig støttespelar.

Hovudføredragsheldarar under EECERA-konferansen er mellom anna førsteamanuensis Berit Bae frå Høgskulen i Oslo, som skal snakke om barns rett til å medverke. Frå Lärarhögskolan i Stockholm kjem førsteamanuensis Hillevi Lenz Taguchi for å presentere sitt arbeid om inkludering i barns verd.

Dr. John Bennett representerer Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) i Paris. Under konferansen skal han tale om utfordringar som gjeld det offentliges tilbod når det kjem til barns utvikling og læring. Professor Colette Tayler frå the Queensland University of Technology i Australia skal snakke om barn, kreativitet og læring.

Professor Lillian Fried frå Tyskland kjem til å snakke om barnehageforsking og mangel på forsking sett frå praksisfeltet. Ho meiner dette er viktig forsking som kan vere vegleiande for foreldre og politikarar. Førsteamanuensis Stig Broström frå Danmark innleier om overgangen frå barnehage til skole. Eit av dei sentrale spørsmåla er om det for stor forskjell mellom barnehage og skole slik det er i dag.

Håper på løft
Alvestad og Röthle håper årets konferanse vil bidra til at barnehageforskinga i Noreg får auka positiv merksemd.

– Vi har hittil hatt relativt lite barnehageforsking her til lands, men omfanget av denne forskinga er raskt aukande. Vi håper norsk barnehageforsking kan få eit løft med denne konferansen, seier Alvestad, som er stolt over at UiS no for første gong også tilbyr ein master i barnehagevitskap.

Alvestad og Röthle legg til at barnehageforskinga i Norden i desse dagar får eit nytt fagfellevurdert tidsskrift: "Nordisk barnehageforskning". Dette tidsskriftet spring ut av forskarnettverket Barnehageliv, og er eit nettbasert tidsskrift knytta til Høgskulen i Olso med professor Jan-Erik Johansson som redkasjonssekretær.

Under konferansen vil det også bli tilbod om besøk i barnehagar i regionen, samt vising av videoar med glimt frå norsk barnehagekvardag. På Utdanningsforbundet sine heimesider vil det dessutan leggast ut ein eigen konferanseblogg kvar dag.

Meir om EECERA-konferansen


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (03.09.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilde av barn i barnehage.
Over 600 forskarar frå heile verda kjem til Noreg og UiS for å dele kunnskap og diskutere viktige tema knytta til barn i barnehage.
Bilde av EECERA-logo
Grunnlagsverdiene i barnehagen vil bli løfta fram og diskutert på EECERA.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER