Stavanger Forums formidlingspris til Klaus Mohn


Ei svært god formidlingsevne, i så vel tradisjonelle som moderne media, gjer professor Klaus Mohn til prisvinnar av Stavanger Forums formidlingspris for 2015.

Årets prisvinnar er ein av dei mest profilerte forskarane ved Universitetet i Stavanger. Klaus Mohn blir mykje brukt av pressa til å kommentere og analysere tilhøve knytt til energiøkonomi. Han er kjend som ein særs aktiv formidlar og ein ivrig samfunnsdebattant.

Han ville ikkje fornærme juryen ved å seie at tildelinga var ufortent, då han fekk overrekt prisen under semesteropninga ved universitetet 15. august. Men likevel ville han ikkje ta heile æra sjølv.

– Ved Handelshøgskolen ved UiS har eg nytt godt av oppmuntring og støtte frå leiinga og stor inspirasjon frå interessante diskusjonar i eit fabelaktig fagmiljø, sa Mohn.

Konge på Twitter

Hans deltaking i det offentlege ordskiftet har vore betydeleg i 2015, sa direktør Jan Hauge i Stavanger Forum under utdelinga av prisen.

– 99 intervju med lokal og nasjonal presse, 12 seminarpresentasjonar, seks offentlege konferansar og debattmøte. Prisvinnaren skreiv 3 500 tweets om energi og petroleum på Twitter, sa Hauge.

Prisvinnaren har alltid lagt stor vekt på formidling i sitt eige arbeid, både fordi han brenn for faget sitt og fordi han meiner formidling er viktig.

– Universitetet kan ikkje leve i eit vakuum. Kvaliteten på vår eiga undervisning og forsking er kritisk avhengig av god kontakt med samfunnet rundt oss. Berre slik kan me utvikle relevante forskingsproblem og undervising som studentar og arbeidsgjevarar kan kjenne seg att i, sa Mohn.

På vakt mot visvas

Han meiner universitetstilsette har ei viktig rolle å spele i meiningsbrytinga i medieverda, som i stor grad skjer mellom særinteresser.

– Uavhengige kjelder til kompetanse og innsikt blir nemleg stadig sjeldnare. Uhilda ekspertise nærmar seg verneverdig, sa Mohn.

Han avslutta med ein appell til studentane.

– Vær vakne for korleis dykkar eige fag grip inn i dei store samanhengane i samfunnet rundt oss. Vær på vakt mot visvas og ikkje nøl med å ta ordet mot tullprat.

Stavanger Forums formidlingspris vart i år delt ut for 20. gong. Prisen er på 35.000 kroner og eit diplom.

Tekst: Benedicte Pentz
Foto: Asbjørn Jensen


Sist oppdatert av Benedicte Pentz (15.08.2016)

Skriv ut artikkel print symbol