Brøstklang syng gladmaten inn


Operakompaniet Brøstklang skal synge på opninga av Gladmatfestivalen i Stavanger den 23. juli klokka 12.00. Kompaniet består av studentane Ragnar Skålevik, Vegard Bakke og Bjørnar Knudsen frå Institutt for musikk og dans ved UiS.

- Opera og mat høyrer jo saman. Vi skal synge matsonger, opera, operette og musikalar. Dette blir eit show med glimt i auget og masse humor, fortel Vegard Bakke som er barytonen i trioen.

Ragnar Skålevik er tenoren i gruppa og Bjørnar Knudsen traktar klaveret.

Brøstklang har etter debuten sin i februar i år blant anna hatt opptredener på TV2, TVVest, NRK Rogaland og på forskjellige arenaer i Stavanger-regionen.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (08.07.2008)

Skriv ut artikkel print symbol