Bli med på EAIE 2016 i Liverpool! Påmeldingsfrist 24.08.2016


Den årlege konferansen arrangert av European Association for International Education finn stad i Liverpool, 13. - 16. september. EAIE-konferansen er ein viktig møteplass for alle som jobbar med internasjonalisering i utdanningssektoren og Internasjonalt Kontor oppfordrar UiS tilsette å delta.

Konferansen består av over 170 sesjonar, 21 workshops, mange nettverksarrangement, og eit stor messeområde med over 200 standar. Senter for Internasjonalisering av Utdanning (SIU) samarbeider med NOKUT om ein felles Study in Norway-stand. Her vil det også vera representantar frå UiS, men vi ynskjer gjerne selskap frå fagleg tilsette ved UiS.

Det blir og arrangert campus tourar  til University of Liverpool, Liverpool John Moores University, Liverpool Hope University, Edge Hill University og Manchester Metropolitan University.

Det er i år forventa rundt 5000 deltakarar så dette er ein gyllen mulighet til å treffe både eksisterande og framtidige partnarar samtidig som ein blir berika med ny kunnskap om internasjonalisering.

Les meir om programmet til EAIE 2016 i Liverpool her.

SIU arrangerar også to andre norske event:

1. South Africa - Norway Network Meeting, tysdag 13. september,
I samarbeid med International Education Association of South Africa (IEASA), inviterer SIU til nettverksmøte for norske og sør-afrikanske institusjonar. Arrangementet er gratis. 

2. A taste of Norway: Norsk mottaking torsdag 15. september, kl 15-16, Study In Norway-standen

Les meir om registrering og om programmet på EAIE sine nettsider. Siste frist for påmelding til konferansen er 24.august 2016.


Sist oppdatert av Magdalena Brekke (13.07.2016)

Skriv ut artikkel print symbol