Engelsk storverk om norske vikingar


Professor Torgrim Titlestad ved UiS er ute med omfattande bok om vikingtida. – Dette er ny noregshistorie for verda, skriven og utgitt i Stavanger, sa ein nøgd forfattar etter lanseringa av det historiske verket.

Viking Norway er det første omfattande verket om norsk vikingtid på eit moderne framandspråk – med vekt på Noreg og Rogaland spesielt.

– Vikingtida i Noreg er underkommunisert i den internasjonale litteraturen. Dette er det første moderne verket som tek sagamaterialet på alvor, seier Titlestad, som har valt å skrive verket på engelsk for også å nå ut til eit internasjonalt publikum.

I boka trekk Titlestad fram slaget i Hafrsfjord som særleg sentralt. Ifølgje UiS-professoren har det lenge vore stor forvirring i Noreg knytt til når slaget i Hafrsfjord stod, men no meiner han å kunne stadfeste årstalet ein gong for alle.

– Arkeologiske undersøkingar på Island har vist at innvandringa dit byrja i år 871, noko sagalitteraturen bekreftar. Ut frå dette er det grunn til å tru slaget i Hafrsfjord stod i 872, og at mange då flykta til Island, seier Titlestad, som meiner ein kan knytte stor lit til det som står i sagalitteraturen.

– På 1900-talet var det historikarar som meinte at slaget stod i år 900. Det kom dei fram til gjennom å telle generasjonar. Men mest sannsynlig er det den første forklaringa som gjeld, konstaterer han.

Mange viking-entusiastar
Tysdag 17. juni presenterte Titlestad boka for publikum for første gong. Under lanseringa ved UiS var det fleire i det fullstappa lokalet som delte forfattaren sin entusiasme for vikingane.

– Boka gir nye perspektiv på Rogaland og Noreg si rolle i vikingtida. Boka gjer det ho skal gjere. Ho gir oss nye tankar om vikingane og ho viser korleis deira tenking har vore fundamental for vår tid, sa kollega og UiS-professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen i sin tale.

I arbeidet med det historiske verket har Titlestad fått økonomisk draghjelp. Mellom anna har Jon Gjedebo, ein av Stavanger-regionens mest suksessrike og innovative gründarar, bidrege gjennom sine firma Styrbjørn, Hitec Vision og Hitec Industries. Under lanseringa av verket fortalte Gjedebo om sin interesse for vikingar før han gratulerte forfattaren.

– Torgrim Titlestad har gjennom sitt arbeid med vikingtida klart å skape stor entusiasme for vikingane, sa Gjedebo, som i sin tale poengterte at vikingane også var entreprenørar i mykje av det dei gjorde.

I tillegg til Gjedebo har Solbakken AS, Inge Steenslands Foundation og Universitetet i Stavanger støtta arbeidet med å få det store verket i hamn.

NRK radios reiseguru Jens A. Risnæs deltok også under lanseringa kor han takka Titlestad for spennande forsking og smittande entusiasme. Forskingsdirektør Helge Ole Bergesen ved UiS gratulerte forfattaren på vegne av universitetet.

Forløpar til rettsstaten
Boka har undertittel Personalities, power and politics og tek mellom anna føre seg korleis vikingtida starta i Noreg, kven vikingane var og korleis vikingkulturen vaks fram som politisk og kulturell kraft i Europa.

Verket søkjer også å gi svar på korleis Noreg etter kvart blei samla til eit rike og kva rolle Erling Skjalgsson, Olaf Tryggvason og Olaf Haraldsson har spelt i denne danninga.

– Boka gir eit bilete av vikingane også som fridomskjemparar og ikkje berre som røvarar. Gjennom dei historiske hendingane som er omtalt, prøver eg å vise korleis Noreg har blitt forsøkt samla til eit rike gjennom ulike idear for styring. Vikingane var forløparane til den rettsstaten vi har i dag, seier Titlestad.

– Noreg blei ikkje samla til eit rike berre gjennom blått blod, seier forfattaren, som er glad for å vere i mål etter sju års hardt arbeid.

Les også:
UiS-professor gir nytt liv til Torfæus


Sist oppdatert av Silje Stangeland (17.06.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Torgrim Titlestad lanserer boka Viking Norway
UiS-professor Torgrim Titlestad framheva slaget i Hafrsfjord som særleg sentralt i vikinghistoria då han lanserte sitt nye verk Viking Norway.
Jon Gjedebo under lanseringa av boka Viking Norway
Gründar Jon Gjedebo var blant dei som delte sin store interesse for vikingtida med dei frammøtte under lanseringa av det nye historiske verket til Torgrim Titlestad.
Boka Viking Norway
Viking Norway er rikt illustrert gjennom maleri og teikningar av kunstnarar som har vore fascinert av vikingtida frå 1850-talet og til i dag. Fotografiar av stader og rekonstruksjonar er også med på å gjere boka til eit fargerikt bokverk.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER