Tar tempen på evakuering i isen


Kor lenge kan du overleva dersom cruisebåten din havarerer i isen i Arktis? Kystvaktfartøyet KV Svalbard har vore arbeidsplass og heim ei heil veke for ei gruppe forskarar som vil finna svaret på akkurat dette.

Bakgrunnen for øvinga er ein sterk auke i cruisetrafikken i pol-områda dei siste åra. Universitetet i Stavanger er fagleg ansvarleg for toktet.

- Eit større havari i farvatnet rundt Svalbard er ikkje eit utenkeleg scenario, seier professor Ove Tobias Gudmestad ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi (IKM) ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Stavanger. .

Gudmestad er ansvarleg for øvinga som har som føremål å evaluera deler av den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO (International Maritime Organisation) sine retningsliner for operasjonar i polområda. Dei krev at passasjerar skal kunna overleva i minst fem dagar ved hjelp av redningsutstyret om bord.

Realistisk

For å prøva utstyret som er i bruk i dag blir forsøkspersonar plassert i ein livbåt og ein redningsflåte i isen. Dette skjer på 79 grader 30 minuttar nordleg breidde i det iskalde vatnet i Woodfjorden nord-vest på Svalbard - i satellittskygge og med isbjørnvakt.

Medisinsk personell overvakar forsøkspersonane, som blir henta tilbake til KV Svalbard når dei sjølv ønskjer det eller når dei medisinsk ansvarlege ber om det.

Forskingsprosjektet skjer i regi av Universitetet i Stavanger i samarbeid med NTNU, Universitetet i Tromsø, Norges Arktiske Universitet, St. Olav Hospital, ei rekke forskingsinstitusjonar, Petroleumstilsynet, Sjøfartsdirektoratet, forsvaret, utstyrsleverandørar og oljeselskapet ENI.

Nybrotsarbeid

- Eg kjenner ikkje til at det tidlegare er gjort ei slik vitskapleg tilnærming til nedkjøling i flåte eller livbåt, seier Gudmestad. Han ser alt tidleg i forsøket at det er stor oppside i å stilla strengare krav til både utstyr og rutinar for å redusera risikoen for nedkjøling og tap av liv.

Gudmestad er svært nøgd med samarbeidet mellom dei mange interessentane i prosjektet, blant dei mannskapet på KV Svalbard, som også har kontroll på isbjørn og kvalross i ekspedisjonsområdet. Ein kvalross synte spesielt stor interesse for dei orangekledde skapningane på isen.

Praktisk forsking

Professoren tek sjølv del i forsøka og den sindige jærbuen meiner han er den av forsøkspersonane som best representerer målgruppa for forsøket – godt vaksne cruisepassasjerar. Som dei andre deltakarane set han stor pris på ein varm dusj og eit godt måltid i messa på KV Svalbard etter kalde timar ombord i livbåten.

- Det er gjort for lite praktisk retta forsking omkring tryggleik og redning til havs, seier Gudmestad, som trur læringa frå ekspedisjonen vil bidra til å gjera dagleglivet tryggare for langt fleire enn cruisepassasjerar og skipsmannskap.

Viktig materiale

Han får støtte frå UiS-professor Ove Njå ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP). Njå har også tilbrakt ein dagen om bord i ein våt og kald redningsflåte. I tillegg til sjølv å vera forsøkskanin har han utstyrt kapteinane på livbåten og flåten med minikamera som registrerer alt som skjer ombord.

- Dette gir oss viktig materiale med omsyn til korleis folk taklar krisesituasjonar, om dei endrar åtferd over tid og når dei blir nedkjølte, seier han.

Unikt samarbeid

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger, Knut Espen Solberg trur læringa frå Svalbardtoktet vil bidra til å redusera risikoen ved havari og storulykker i polområda.

- Det er unikt at ei gruppe med så stort fagleg spenn og så høg kompetanse får arbeida så tett saman med søk, redning og overleving i Arktis, seier han. 

Solberg arbeider til dagleg som ingeniør i GMC Maritime AS i Stavanger. Han har lang røynsle frå Det Norske Veritas og har ansvar for den tekniske delen av programmet på Svalbard, der vinteren langt frå har sleppt taket. Dagtemperaturen varierer mellom 10 og 15 minusgrader. Til gjengjeld har ikkje sola planar om å gå ned før utpå hausten ein gong.

Langt til hjelp

- Eit havari i dette området vil kunna få katastrofalt utfall, ikkje minst i vinterhalvåret, og stiller store krav til andre fartøy i området og til søk- og redningsarbeidet, seier Solberg, som også kjenner isen og kulden i nordlege farvatn frå segling og overvintring på Grønland.

-Det er forska svært lite på overleving i kulde etter havari og me har difor som mål å finna svara sjølv gjennom realistiske forsøk i arktisk miljø. Utstyrsleverandørar, industri, styresmakter og andre forskingsmiljø viste alle interesse for å delta, seier Solberg.

Arktisk dugnad

- At Kystvakta stiller KV Svalbard til rådvelde for prosjektet er avgjerande for at det let seg gjennomføra, fortel han, og er full av lovord over måten toktet er gjennomført på.

I løpet av toktet er det gjennomført evakuering med redningsflåte og livbåt i ulike typar drakter og utstyr. Medisinsk personell har gjennomført samtaler med alle deltakarane i etterkant og resultata vil bli brukt i vidare forsking omkring overleving i kalde strøk.

- Må fungera i kulde

Student Bjarte Kvamme ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi ved UiS arbeider med ei masteroppgåve om vinterisering av røyr og av dekk.

- Det er eit krav at sløkkeutstyret skal fungera under alle forhold og at passasjerar og mannskap skal kunna operera utstyret i temperaturar ned til 20 kuldegrader, seier han og legg til at dei praktiske forsøka er viktige for framtidige studiar i Arktis.

Øvinga SARex2016 samarbeider med Norsk Maritimt Forum sitt initiativ SARiNOR, som har som mål å auka kvaliteten på søk- og redningskapasiteten i Arktis. Resultatat frå øvinga skal presenterast på International Association of Hydro Environment Engineering and Research sitt symposium i Michigan, USA, seinare i år.

Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (24.05.2016)

Skriv ut artikkel print symbol