Forteljinga om mennesket Fartein Valen


Dei fleste kjenner til musikaren Fartein Valen, men korleis var han som menneske? Grandnevøen Fartein Valen-Sendstad har ploga seg igjennom 500 av dei personlege breva hans, og er no aktuell med ei bok om den kjente komponisten.

Den største salen Stavanger konserthus er oppkalla etter han. Han var kjent som ein musikalsk revolusjonær, som braut med tradisjonane på ein radikal måte. Ein beskjeden mann. Skildra som nærast litt sky og fjern. Men som musikar? Det stikk motsette. Som kunstnar hadde han mot, vilje og kraft.

Med hjarte for familien

I nyutgivinga «Mennesket – Fartein Valen» har førsteamanuensis Fartein Valen-Sendstad ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger teke mennesket Fartein Valen – hans grandonkel og gudfar – i nærare augesyn. Bileta av Fartein syner ein person med sørgmodige trekk og eit innovervendt kroppsspråk. Men gjev dei den rette framstillinga av mennesket Fartein Valen?

– Først og fremst så var han eit kunnskapsrikt menneskje. Han meistra ni språk og var oppdatert på mye innan europeisk kunst og kultur, ja også på roser og kaktusar. Dernest var han ei sart sjel med mykje kjensler som bobla på innsida, men som òg kunne kunne få alle rundt seg til å le og kome i godt humør. Han brydde seg mykje om dei næraste og dei brydde seg om han, seier Valen-Sendstad, som har nytta mykje tid på arbeidet med å gå igjennom samlinga av brev som Fartein Valen utveksla med sine næraste, deriblant Sigrid søstera til Fartein Valen og malar Agnes Hiorth.

Overraskande element

I arbeidet med å gå gjennom hundrevis av brev, dukka det til tider opp overraskande element og nye opplysningar om familiemedlem og situasjonar, som Valen-Sendstad ikkje var klar over på førehand.

– Eg vart spesielt overraska over kor tett han var på sine nevøar, deriblant min far. Han var involvert i undervisinga av dei og han leste tysk og latin med dei – og levde intenst med då dei gjekk opp til eksamen. I eit av breva til søstera Sigrid skreiv han noko som syner empati og nærleik til nevøane:

«Når disse to guttene får eksamen skal jeg bli meget gladere enn over alle mine gode kritikker til sammen.»

Valen-Sendstad har modernisert ortografien i breva, for å minske avstanden mellom lesaren og Fartein. Syntaksen derimot, har han halde på. Saman med dei personlege, humoristiske og intime augneblinka i Fartein Valen sitt liv.

Person med mange sider

I eit av breva skriv Fartein om oppføringa av Pastoralen 8. og 9. mars 1931, som vart eit vendepunkt for han. Sjølve skildringa av oppleving kan nok også fortelje mykje om han som menneskje.

«Jeg var ordentlig spent på søndag kl.1 på generalprøven og hadde de verste anelser. Mest av alt ønsket jeg at jeg kunne ha en usynlighetskappe på meg; så jeg satte meg lengst nede i salen bakom noen søyler.. (...)».

Vidare skriv han om korleis stillinga hans etterpå vart totalet endra og at han no vart anarkjent på alle hald, og at han etter konserten, måtte fram på podiet tre gonger med blomar og bukke. Han fortell også fra festen etter konserten: «Fridtjof Nansens sønn, Odd Nansen som er en kjempe (tok) og satte meg på skuldrene sine og bar meg rundt under store ovasjoner.» Men sjølv om den skye sida av komponisten er viktig, skugger ho ofte for mangfaldet i biletet av Fartein Valen, meiner Valen-Sendstad.

– Mitt mål med denne boka er å få fram sider og trekk ved mennesket og privatpersonen Fartein Valen som kjem fram i korrespondansen han hadde med familie og nære venner. Eg ynskjer å sleppe Fartein til – syne korleis han var i rolla som bror, far, ven, dyreelskar og kristen, seier han.

Boklansering under Fartein-festival

Førstkomande laurdag, 16. april, vert Valen-Sendstad si bok lansert under Fartein Valen-festivalen i Sveio. Han blir då intervjua av forfattarane Agnes Ravatn og Einar Økland.

– Desse forfattarane har lese boka, og har truleg mange innspel og kommentarar til innhaldet. Eg ser fram til å få ein samtale om Fartein saman med desse, og eg vonar det vert ei minnerik stund også for publikum, seier Valen-Sendstad. 

Fartein Valen-festivalen og satelittkonsertane knytt til denne, er dedikert til komponisten Fartein Valen, livet han levde og musikken hans. På folkefesten laurdag vil det også verte avduking av ein Fartein Valen-skulptur samt ein orgel-konsert i Sveio kyrkje. Les meir om festivalen her.
 

Tekst: Maria Gilje Torheim
Foto: Privat


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (14.04.2016)

Skriv ut artikkel print symbol