Ein byplanleggar formar framtida


- Ver med å utform framtida, inviterte førsteamanuensis Lene Bjørnø då ho ønskte velkomen til ei orientering om undervisningstilbodet innanfor byplanlegging under Open dag på UiS.

- Kreative ingeniørar kan gje viktige bidrag til å utforma bumiljøet i framtida, sa Bjørnø, som forskar på bukvalitet ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP) ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Stavanger.

Ho fortalde at bachelor-studiet «Bygg, med spesialisering byplanlegging/teknisk planlegging» er praktisk retta og nært knytt opp mot bumiljø i by og tettstader i regionen. Etter fullført bachelor kan ein gå vidare på ein master i byplanlegging.

Levande lab

- Nord-Jæren er eit einaste stort laboratorium for oss byplanleggarar, sa Bjørnø, og viste resultatet frå fleire praktiske studentoppgåver til eit talrikt og lydhøyrt publikum.

Dei færraste hadde kan henda på førehand tenkt over kor mange element som påverkar bumiljøet vårt og at mange av desse er resultat av planlegging – eller mangel på gode planar.

Ikkje tilfeldig

- Terreng, landskap, bygningar, infrastruktur, utsikt, vatn, elektrisitet og gatelys er viktige element i korleis me opplever bumiljøet vårt. Det same er statlege føringar og politiske vedtak om kvar og kor tett folk skal bu, avstand til butikkar, offentlege tenester og arbeidsplassar og ikkje minst utforming og infrastrukturen som knyter alle elementa i nærmiljøet vårt saman, sa Bjørnø.

Ho viste også døme på praktiske studentoppgåver frå instituttet og kva verktøy og metodar studentane lærer seg å bruka i studiet.

Lær meir om masterstudiet i byplanlegging.

Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (03.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol