- Smarte byar treng smarte folk


- Det hjelper ikkje om 8 av 10 innbyggarar har tilgang til wi-fi dersom berre eit fåtal nyttar tenesta. For at Stavanger skal nå målet om å bli ein smart by må nettbruken dramatisk opp, sa Sverre Gaupås, leiar for UiS sin Studentinkubator under samlinga My smart city i Stavanger.

- Tilby alle innbyggarane gratis wi-fi, skann heile Stavanger i 3D og la alle bli sin eigen reguleringssjef, foreslo Gaupås som eit tiltak for å gjera byen smartare, og fekk sterk støtte i at digital kompetanse er nøkkelen til å utvikla ein smart by.

Arrangementet på Hall Toll var avspark for Stavanger Impact Week, som har som mål å dela kunnskap og knytta ulike fagmiljø saman for å skapa idear som kan bidra til vekst i regionen.

Greater Stavanger hadde valgt spørsmålet «Kva forventar me av byen?» som utgangspunkt for samlinga. Fyrtårnsprosjektet Triangulum, der UiS er med, var arrangør i samarbeid med Nordic Edge Expo.

Digitalisering

Gaupås viste til styresmaktene sine ambisiøse mål for digitalisering av samfunnet, der brukarane sin tillit og kompetanse i bruk av digitale hjelpemidlar er blant suksessfaktorane.

Han meinte det er langt fram dersom ikkje innsatsen for å styrka kompetansen og auka bruken av digitale hjelpemidlar blant folk flest blir kraftig styrka.

- Stavanger treng smarte innbyggarar for å kunna kalla seg ein smart by, sa Gaupås, og formidla på vegne av studentane i byen eit ønske om saumlaus transport og kommunikasjon i regionen.

Fornybar energi

Stavanger er saman med Manchester og Eindhoven såkalla fyrtårnbyar i Triangulum-prosjektet i EUs forskingsprogram Horisont 2020. Over ein femårsperiode skal det utviklast fleire smarte løysingar innan transport, IKT og energi.

I tillegg til universitetet er kommunen, fylkeskommunen, Greater Stavanger og Lyse med i programmet.

Det er også eit krav om 75 prosent fornybar energi frå lokale energikjelder. EU refunderer deler av kostnadene etter at dei planlagte prosjekta er gjennomførte.

Tekst: Lars Gunnar Dahle
Foto: StOr


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (26.02.2016)

Skriv ut artikkel print symbol