Doktorgrad på datatryggleik


Antorweep Chakravorty forsvarte doktorgraden sin ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger 29. september 2015.

Antorweep Chakravorty drøfta dei mange utfordringane som er knytta til lagring og prosessering av data frå såkalla «smarte» hus, som er knytta til offentlege og private tenesteleverandørar. I avhandlinga si foreslår han fleire måtar å hindra at data kjem på avvege.

Vegleiar i doktorgradsarbeidet var professor Chunming Rong.

Lars Gunnar Dahle


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (04.02.2016)

Skriv ut artikkel print symbol