Erfaringar frå seniorpolitikk


Tirsdag 13. mai besøkte representantar frå Sjuhäradskomunen i Sverige og andre aktører frå privat og offentlig sektor, Universitetet i Stavanger for å diskutere erfaringar med inkludering av eldre arbeidstakarar i arbeidslivet og eigen seniorpolitikk.

Under seminaret ”Mot bedre vitende – aldersriktig lederskap” blei tematikken presentert gjennom ulike perspektiv. Sjuhäradskommunen presenterte sitt arbeid knytt til eldre arbeidstakarar og vidare planar og kommunane Sandnes og Stavanger presenterte sin seniorpolitikk og resultat av denne.

Nils Friberg, seniorrådgjevar ved Vattenfall Norden, som er den svenske statens energigigant, heldt sitt innlegg ”Ageing workforce management” om aldersriktig leiarskap. Vattenfall er ei privat verksemd som har lykkas godt med sin seniorpolitikk.

— Det er viktig å ta inn over seg dei ulike livsfasane vi går gjennom. God tilpassing kan gjere at eldre arbeidstakarar blir lenge i jobben, sa Friberg, til dei lydhøyre deltakarane under seminaret.

På programmet stod også kampen om arbeidskrafta, utfordringar og nye problemstillingar knytt til eldre arbeidstakarar og korleis ein kan samarbeide meir om seniorpolitiske spørsmål på tvers av sektorar.

– I lys av vår forsking på feltet og dei vellykka forsøka med seniorpolitikk i Sandnes og Stavanger, passa det bra med eit møte her på UiS. På seminaret fekk representantar frå privat og offentleg sektor diskutert viktige seniorpolitiske spørsmål, seier professor Reidar J. Mykletun ved Norsk hotellhøgskole - Institutt for økonomi- og leiing ved UiS, som leia seminaret.

Sist oppdatert av Silje Stangeland (13.05.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Nils Friberg, seniorrådgjevar ved Vattenfall Norden, held innlegg.
Nils Friberg, seniorrådgjevar ved Vattenfall Norden, som er den svenske statens energigigant, heldt sitt innlegg ”Ageing workforce management” om aldersriktig leiarskap.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER