Doktorgrad på kriseberedskap


Beredskapsorganisasjonar må i sterkare grad ta i bruk formelle og vitskapsbaserte metodar i opplæring av personell både «på bakken» og i kriseleiinga, konkluderte Morten Sommer då han forsvarte doktorgradsoppgåva si om læring i beredskapsarbeid nyleg.

Beredskapsorganisasjonar må i sterkare grad ta i bruk formelle og vitskapsbaserte metodar i opplæring av personell både «på bakken» og i kriseleiinga.

Slik konkluderer doktorgradskandidat Morten Sommer, stipendiat ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging ved det Naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Stavanger, då han nyleg forsvarte avhandlinga si om læring innan beredskapsarbeid.

Sommer har følgt beredskapsarbeid både frå den skarpe enden - på og nær ulykkes- eller krisesituasjonen - og i den sentrale beredskapsleiinga. Han har vurdert korleis deltakarane i ein beredskapsorganisasjon best kan tileigna seg kunnskap og ferdigheiter og konkluderer altså med at kombinasjonen av kognitive aspekt og sosio-kulturelle forhold må vurderast for å forstå og betra læringsprosessane innan beredskap.

Han meiner og å finna støtte i konklusjonen sin i læringa frå terroraksjonen på Utøya og i Oslo sentrum 22. juli 2011, der den interne opplæringa viste seg å koma til kort i den brutale og komplekse situasjonen som oppsto.

Sommer tilrår difor at beredskapsorganisasjonane må ta i bruk formelle og langt strengare evalueringar av den faktiske responskapasiteten, og at deltakarane i beredskapsorganisasjonen får konkret og individuell tilbakemelding på korleis dei har takla situasjonen.

Les meir om risikostyring og samfunnssikkerhet ved Universitetet i Stavanger her.

Sommer er i dag tilsett som høgskulelektor ved Avdeling for tekniske, økonomiske og maritime fag ved Høgskolen Stord/Haugesund.

Sommer forsvarte sin doktorgrad i disputas ved UiS 25. november 2015.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (24.07.2017)

Skriv ut artikkel print symbol