Celler kan påverkast gjennom matematikk og reguleringsteknikk


Kristian Thorsen (29) disputerer 3. desember til doktorgraden ved UiS med ei avhandling om korleis matematiske modellar og konsept frå reguleringsteknikk kan brukast for å forstå korleis levande celler regulerer interne stoff og prosessar.

- Det går føre seg forskjellige typer av regulering i alle levande organismer, alt frå kroppstemperatur og blodsukkerregulering i pattedyr til regulering av nitrat og andre næringsstoff i planteceller, fortel Thorsen.

- Å forklara desse eigenskapene med matematiske modellar aukar kunnskapen om dei fysiologiske mekanismene som gjer ei slik regulering mogeleg. Cellene tek i bruk komplekse og ikkje-intuitive system som det er viktig at me forstår for ei vidare utvikling av biologifeltet, seier Thorsen.

Gjorde celle meir motstandsdyktig

I samarbeid med Universitetet i Toronto i Canada skapte Thorsen ei gjærcelle med ekstra regulering av internt nivå av koparioner. Kopar er normalt giftig for desse cellene, men ved hjelp av ein genmanipulert reguleringsmekanisme klarte cellene å overleva med dobbelt så høg konsentrasjon av kopar som normalt.

I doktorgradsarbeidet er det funne generiske reguleringsmekanismer, såkalla kontrollmotiv, som kan brukast for å modellere og forstå korleis reguleringsprosessar verkar internt i celler og i organismer.

Thorsen sitt doktorgradsarbeid er blant anna brukt til å laga ein modell over næringsopptak og saltregulering i tarmceller.

Disputasen finn stad 3. desember kl 12:15 i Kjølv Egelands hus, auditorium E-164. Prøveforelesinga skjer kl. 10.

Tekst: Lars Gunnar Dahle


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (03.12.2015)

Skriv ut artikkel print symbol