Truls Engstrøm held fram som instituttleiar


Truls Engstrøm (44) er tilsett i ny åremålsperiode som instituttleiar ved Norsk hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger.

Det blei vedteke i styremøtet for UiS torsdag 14. februar.

Truls Engstrøm har tidlegare vore eigar ved raftingbyrået AB Forsknäckarna og eigar av konsulentfirmaet Comesco før han i 2005 blei tilsett som førsteamanuensis i serviceleiing ved UiS. Frå 2009 har han vore instituttleiar ved Norsk hotellhøgskole.

Engstrøm er utdanna MSc i Hospitality Management frå Norsk hotellhøgskole og Florida International University og har spesialisert seg innan serviceleiing og mentoring. Han har også ein doktorgrad frå Department of Psychology ved University of Northumbria i Storbritannia.

Engstrøm sit i styringsgruppa for NCE Tourism og i samhandlingsgruppa for NCE Culinology. Han har også ein emeritus-tittel etter fleire år i styret i International Mentoring Association.

Engstrøm er tilsett i stillinga som instituttleiar ved Norsk hotellhøgskole for ein periode på fire år frå 1. juli 2013 til 30. juni 2017.
 


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (08.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Truls Engstrøm
FORTSET: Truls Engstrøm er tilsett i ein ny åremålsperiode som instituttleiar ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.