Lorán Chollete: Nytilsett


Loran Chollete er nytilsett førsteamanuensis ved NHS - Institutt for økonomi og leiing. Chollete kjem frå stillinga som førsteamanuensis ved NHH, Noregs Handelshøgskole.

Han fekk doktorgraden sin ved Colombia University, New York. Han har tilbringa det meste av barndomen sin i Grand Cayman og New York.

Finans og økonomi
Forskingsinteressene hans omhandlar teoretisk og empirisk analyse av likviditet og ekstreme hendingar. Han har motteke eit større forskingsstipend frå Norsk Forskningsråd. Undervisningsområda hans er i hovudsak finans, internasjonal økonomi, statistikk og finansretta økonometri. I fritida interesserer han seg for tango og etymologi.

Vi ønskjer han hjarteleg velkomen til Universitetet i Stavanger.

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (27.04.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrett av Lorán Chollete, førsteamanuensis ved NHS - Institutt for økonomi og leiing på UiS.
Lorán Chollete er nytilsett ved Noregs hotellhøgskule - Institutt for økonomi og leiing på UiS.